Ymse

Bestill Leikanger-nett på nett

No har vi laga eit bestillingsskjema for dei som ønskjer å kjøpe Leikanger-nett. Vi tilbyr fire ulike design i mange ulike fargar.

Viss du sender inn bestillinga så raskt som mogeleg, så vil vi forsøke å få nettet klart før jul. Men sidan vi er avengige av leveransar av utstyr samt frivillige som jobbar på dugnad, så kan vi ikkje garantere levering før jul.

Medlemspris

Handlenetta kostar 150 kr, men medlemar i Handarbeidslaget får dei for 100 kr. Det kostar 400 kr i året å vere medlem i handarbeidslaget, og denne kontingenten gjer at vi kan drive handarbeidsaktivitetar og drive eit utsal av heimelaga produkt her i bygda.

Medlemar kan velje sjølve kor mykje dei vil engasjere seg. Dei fleste aktivitetane våre er opne og tilgjengelege for alle, men medlemar får rabattar om det er kurs eller aktivitetar som kostar, og dei vil også få tinge plass først. I tillegg får medlemar ein liten rabatt på garn på Små Livsgleder.

Meld deg gjerne inn i dag – følg lenke til innmeldingsskjema på heimesida vår. Meld deg inn no for 2020, og få rabattane allereie frå desember 2019.

Bestillingsskjema

Her er lenke til bestillingsskjema på nett. Ta kontakt på handarbeidslaget@sansogsamling.net om det er noko som ikkje fungerer.

Handlenetta må hentast på butikken vår (i kjellaren til Fjordklipp/Sogn Tavle og Data) i opningstida laurdagar mellom 11 og 14. Om dette ikkje er mogeleg kan de legge inn kommentar i skjemaet, så kan de eventuelt hente handlenetta på eit anna tidspunkt. Vi sender dessverre ikkje i posten.

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSd64V8AZGcfvgTEwZ9TD07xJj-0OjvPCDxFy6nLyHo6TRKTKA/viewform?usp=sf_link

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.