Menu Close

Populære Leikanger-nett

Handlenetta med kommunevåpenet til Leikanger eller ein «patriotisk» tekst vart ein stor suksess! Vi hadde miniverkstad på julemarknaden i Saften laurdag under Leikanger-festen, og vi trykte og delte ut over 90 handlenett.

I tillegg til dette var det nesten 60 personar som stod i kø, men som vi ikkje rakk å lage nett til. Desse skreiv seg på ei liste, og no har vi hatt dugnad og trykt opp desse også.

Alle som skreiv seg på liste i Saften kan hente nettet sitt på butikken vår, Sans og Samling, på laurdag i opningstida (11-14) eller på Førjulssøndag i Ungdomshuset mellom 14 og 18 søndag 1. desember. Namnet ditt skal stå på nettet. Vi har trykt nett til alle som stod på lista, men alle har dessverre ikkje fått den fargen dei ønska seg, då vi gjekk tom for nett.

Mange har teke kontkakt med oss fordi dei ikkje fekk nett i helga, eller fordi dei har lyst på fleire. Vi ønskjer sjølvsagt å kunne lage nett til alle som har lyst på, og kjem difor til å ta opp bestilling og lage fleire handlenett etter kvart. I første omgang legg vi fram ei bestillingsliste på Førjulssøndag i Ungdomshuset søndag mellom 14 og 18. Dei som kjem og bestiller nett der vert prioritert.

Frå neste veke vil vi legge ut eit bestillingsskjema på nett. Vi ønskjer som sagt å kunne lage til alle som vil ha, men vi veit ikkje kor lang tid vi treng på dette. Vi kan difor ikkje love at handlenetta vert ferdige til jul. Det er også ein sjanse for at vi ikkje lenger får tak i alle fargane, så vi kan ikkje garantere at vi kan levere akkurat det som de bestiller. Men om de legg inn kontaktinformasjon så tek vi kontakt om vi ser at vi ikkje får tak i den fargen de bestille.

Handlenetta vil koste 150 kr stykk. Medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling får dei for 100 kr.

Vi ønskjer alltid fleire medlemmar, både aktive medlemmar og støttemedlemar. Det kostar 400 kr i året å vere medlem. Her kan ein melde seg inn: http://www.sansogsamling.net/meld-deg-inn-i-handarbeidslaget/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.