Meld deg inn i Handarbeidslaget

Alle kan vere medlem av handarbeidslaget Sans og Samling. Handarbeidslaget har som mål å vere ein organisasjon for alle som er glade i handarbeid, som driv med handarbeid, som vil lære meir om handarbeid, som ønskjer at husflid og handarbeid skal synleggjerast og styrkast på Systrond og som ønskjer å bidra til å skape sosiale møteplassar for medlemmane og andre i bygda.

Medlemskontingenten er kr 400 per år.

Som medlem vil du mellom anna få tilbod om å delta på kurs og aktivitetskveldar og rabattar på garn på butikkane på Hermansverk. Medlemmar kan også låne lokala til Sans og Samling for å arrangere eigne samlingar.