Ymse

Årsmøte

Handarbeidslaget inviterer alle medlemmar til Årsmøte fredag 14. februar kl 19.30. Vi serverer ost, kjeks, kaffi/te og noko søtt til kaffien. I tillegg er baren open og ein kan kjøpe øl, vin eller mineralvatn. Vi held ope utover kvelden, så ta gjerne med strikketøy om du ønskjer det.
Saksliste vert publisert under ei veke før møtet. Har du framlegg til ei sak til årsmøtet må du melde inn denne til styret seinast 1. februar.
Vedtekter finn du her: http://www.sansogsamling.net/om-oss/
Vi håper mange vil vere med å feire valentinsdagen med Handarbeidslaget på Herman! 

Saksliste

1. Godkjenning av innkalling

Innkalling vart sendt ut til alle registrerte medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling 14. januar 2020. Informasjon vart også lagt ut på heimesida og på Facebook.

2. Val av møteleiar, referent og to personar til å signere protokollen

Forslag til møteleiar: Sigrun Espe

3. Årsmelding 2019

Styret presenterer årsmeldinga for 2019.

Forslag til vedtak: Årsmøtet tek årsmeldinga for 2019 til orientering.

4. Vedtekter

Det har ikkje kome inn forslag til vedtektsendringar.

5. Rekneskap 2019

Styret presenterer rekneskapen for 2019.

Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2019.

6. Fastsette kontingent for 2021

Årsmøtet set kontingentsatsen for 2021.

Forslag til vedtak: Årsmøtet set kontingenten for 2021 til kr 400.

7. Budsjett 2020

Styret presenterer forslag til budsjett for 2020.

Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner budsjettet for 2020.

8. Årsplan 2020

Styret vil diskutere og få innspel til årsplan for 2020. Styret jobbar vidare med denne basert på innspel frå Årsmøtet.

9. Val av styre og valnemnd

Valnemnda presenterer si innstilling.

Vedlegg:

1. Årsmelding 2019

2. Rekneskap 2019

3. Budsjett 2020

4. Vedtekter for Handarbeidslaget

5. Innstilling frå valnemnda

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.