Menu Close

Kurs i redesign

Har du skapet fullt av kle du ikkje brukar? Gamle gardiner, dukar og stoff? Alt kan bli til noko nytt! Duk kan bli skjørt, voksduk kan bli strandbag, gardiner kan bli kjole, t-skorter kan bli hue, strikkegenser kan bli sparkebukse…

Slepp kreativiteten laus, kutt forbruket, spar miljøet og skap noko ingen andre har make til!

To onsdagar i juni kan du delta på kurs i redesign med Handarbeidslaget Sans og Samling. Kursleiar er Kristine Rohde.

Ta med symaskin og alt du treng av utstyr, samt gamle klede eller stoff som du ønskjer å forvandle til noko nytt og spennande!

Pris: Kr 200 for medlemmar av handarbeidslaget Sans og Samling, kr 300 for alle andre.
Påmelding via skjema – OBS: maks 12 deltakarar.
Tid: 1. juni og 8. juni frå 19.00 til 22.00

Stad: Leikanger barneskule

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.