Menu Close

Bli med og strikk eit lappeteppe!

Handarbeidslaget vil gjerne få med seg medlemmane – og andre – på ein lappeteppedugnad. 

Vi fekk ein ide frå ein våre medlemmar om å strikke eit lappeteppe til utlodning og slike gode idear grip vi fatt i! 
Eit slikt lappeteppe kan bli ein kjempeflott gevinst til julemesse på Førjulssøndag i ungdomshuset 27. november. 
Opplegget er som følgjer: 
Vi har strikka prøvelapp, rekna ut kor mange lappar vi treng, tatt ut fargar og lagt av garn på Putlestova. 
Det kostar 20 kroner pr. nøste, det vert tre lappar av eit nøste og du får med «oppskrift» når du kjøper garn. Dei ferdige lappane kan leverast på butikken vår eller til ein av styremedlemmane. 
Handarbeidslaget tek jobben med å sy det saman.

Vi håpar mange vil vere med på dette – vi har nokre månader på oss, men det skal monterast og kanskje heklast rundt alle lappane. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.