Menu Close

Lefsekurs med Kari Støfringsdal tysdag 15. mars


Foto: Ivar Husevåg Døskeland (cc-by)
Handarbeidslaget arrangerer lefsekurs med Kari Støfringsdal – fylkeskulturprisvinnar, kvinna bak Fjordamattunet og ein viktig ambassadør for lokale mattradisjonar i fylket. 
Vi skal lære å lage Jølstralefse, ei type Sunnfjordlefse med lite sukker i leiven slik at den òg eigna seg til fisk og lefse eller lefserull om ein ynskjer det. Denne typen lefse har vore brukt i midtre og ytre Sogn og heile Sunnfjord, men sjølvsagt med variasjon i mengde smør og sukker i leiven og type hevelse.

Det er nokre plassar igjen på kurset, så vi opnar no opp for påmelding også frå dei som ikkje er medlemmar i handarbeidslaget. Kurset varar i 4 timar og kostar 650 kroner. 
Når: Tysdag 15. mars kl 17.00
Kvar: Skulekjøkenet på Ungdomsskulen
Påmelding via lenke: http://goo.gl/forms/9IshK6GRc7 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.