Menu Close

Kurs: Brødbaking med surdeig

Surdeigsbrød og hevekorg

Vil du lære deg å lage flotte, deilige brød med surdeig? Bli med på kurs og lær om heile prosessen, frå surdeigssats via heving og bretting til steiking og ikkje minst smaking.

Kurset er gratis for medlemmar som har betalt kontingenten for 2024 (ei lita påminning der – hugs også årsmøtet 13/2 på hotellet 🙂 ) Klikk for å kome til påmeldingsskjema.

Om kurset:

Ingvild Andersen og Mie Dahl Pind skal halde kurset for oss. Dei har mykje kunnskap om og erfaring frå surdeigsbaking, og vil gjerne dele dette med oss.

Min tilnærming til surdeig handler om jakten på det «perfekte» brødet, og at det enkle er det beste.

Ingvild Andersen
Surdeig

Alle som deltek skal få prøve seg på å røre og kna, brette og elte, og til slutt skal vi også steike nokre brød som Ingvild og Mie har starta på i forkant. Innimellom blir det også litt teori, der vi får informasjon om ulike mjøltypar, prosessar som skjer og kva som skal til for å lukkast.

Kurset startar kl 10 og vi held på i om lag 4 timar. Vi avsluttar med eit felles brødmåltid med deilig, ferskt surdeigsbrød.

Alle som vil får med seg ein surdeigsstarar, ei hevekorg og ein deig som dei kan forsøke å steike heime.

  • Tid: søndag 3. mars kl. 10. Vi held på i ca. 4 timar.
  • Stad: Skulekjøkkenet på Leikanger ungdomsskule.
  • Pris: Gratis for medlemmer i Handarbeidslaget Sans og Samling (bli gjerne medlem) – 100 kr for andre.
  • Tal deltakarar: 15 (førstemann til mølla)

Vi arrangerer dette med støtte frå Sture Husabøs legat.

Surdeigsbrød
Ferdig produkt!

Klikk for å opne påmeldingsskjemaet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.