Menu Close

Planar for våren 2024

Handarbeidslaget Sans og Samling er ein medlemsorganisasjon for alle på Leikanger som er glade i handarbeid, som driv med handarbeid, som vil lære meir om handarbeid, som ønskjer at husflid og handarbeid skal synleggjerast og styrkast og som ønskjer å støtte opp om aktivitetar og sosiale møteplassar.

Utsal av heimelaga produkt

Handarbeidslaget driv ein liten butikk – eit utsal av heimelaga produkt. Det er stort sett folk busett i Leikanger-området som leverer inn produkta dei strikkar, syr, måler eller skapar på andre måtar. Frivillige vekslar på å stå som butikkvakter nokre timar på laurdagane, og på den måten kan innbyggjarar og tilreisande handle ultralokale, heimelaga klede, tilbehør, dekorasjon, leiker og anna på Leikanger. Butikken ligg i kjellaren under Sogn Tavle og Data og frisørsalongen Fjordklipp, med adresse Riverdalen 2. Opningstidene er laurdagar frå 11 til14.

Vi ønskjer nye produsentar velkomen til å ta kontakt med oss om å selje varer på butikken, og vi har behov for fleire frivillige som kan ta butikkvakter. Ta kontakt med ein av oss, eller bli med i gruppa for butikkvakter på Facebook: https://www.facebook.com/groups/1766671013612563

Sykveldar

Fleire av våre medlemmer er glade i å sy, og vi har i mange år arrangert sykveldar annakvar veke. Medlemmar og andre kan ta med symaskin, utstyr og eigne prosjekt og sy i lag med andre på tekstilrommet på Leikanger barneskule.
Det er sosialt og inspirerande å treffast for å sy i lag med andre. Det kan også vere god hjelp å få når ein står fast. Det er gratis å delta, og ope for alle. Sykveldane er tysdagar i partalsveker frå kl. 19 til kl. 22, frå 23. januar til og med 28. mai. Sykveldane har si eiga facebookgruppe: https://www.facebook.com/groups/1697848523819811

Strikkekveldar

Strikking er ein annan populær hobby, og vi har også i år faste strikkekveldar annakvar veke. Her er det både super-rutinerte strikkarar og andre som ikkje har halde på så lenge. Praten går og idear, tips og råd sit laust. Desse er tysdagar frå kl. 19 til kl. 21 dei vekene det ikkje er sykveldar. Vi får låne lokala til Frivilligsentralen i andre etasje på Saften, og serverer kaffi eller te med noko søtt attåt. Alt er gratis og ope for alle – det er berre å kome.

Surdeigskurs

I vår inviterer vi på nytt til surdeigskurs. Vi har fått med oss ein lokal instruktør frå Sogndal, og målet er at dei som deltek på kurset skal få meir kunnskap og bli tryggare på baking med surdeig. Dei vil også få med seg ein sprek surdeigsstartar, klar for nye brød-eventyr. Kanskje vert det tid til å smake på noko deilig, nybakt surdeigsbakst også.

Sykurs

Ein annan plan for våren er eit intro-sykurs for alle som er ferske symaskinbrukarar eller som trenger å tørke støv av gamle kunstar. Vi inviterer til eit laurdagskurs med røynde syersker som instruktørar. Basert på erfaringane og tilbakemeldingane på dette kurset ønskjer vi også å arrangere eit oppfølgingskurs med eit litt større sy-mål.

Bli medlem

Som medlem får du informasjon om kurs og aktivitetar, og høve til å melde seg på først. På mange arrangement har vi også rabatterte prisar til medlemmer. Du får også rabatt på garn på Små Livsgleder og høve til å låne utstyr eller lokale frå handarbeidslaget. Men mest av alt støttar du vårt vesle handarbeidslag og alt vi gjer i og for Leikanger. Vi vil inviterer medlemmar til å kome med innspel på kva vi skal gjere i år på årsmøtet som er 13. februar på Sognefjord hotell.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.