Menu Close

Årsmøte 2024

Det vert Årsmøte i Handarbeidslaget Sans og Samling tysdag 13. februar kl 19.00 på Sognefjord hotel (Knausen).

Alle medlemmar kan delta på Årsmøtet. Årsmøtet er laget sitt høgste mynde, og styret skal sende innkalling til medlemmane seinast ein månad innan møtet. Forslag som skal handsamast på Årsmøtet skal sendast skriftleg til styret seinast to veker før møtet. Forslag kan sendast til handarbeidslaget@sansogsamling.net. Saksliste vert publisert og/eller sendt ut seinast ei veke før Årsmøtet.

Styret vil oppmode alle om å betale inn medlemskontingent for 2024 i god tid før årsmøtet. Medlemskontingenten er kr 400 per år. Du kan betale via bank eller Vipps:
Kontonummer: 3705.26.33762Vipps: 94348Hugs å skriv namn i meldingsfeltet. Meir info om medlemskontingenten: https://www.sansogsamling.net/kontingent/

Her er saksdokument til årsmøtet:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.