Menu Close

Strikkepub og surdeigskurs

Gruppe på kurs

Vi feira den første vårhelga i 2024 med to populære arrangement – strikkepub og surdeigskurs.

Strikkepub

Skilt: Strikkepub i andre etasje

Fredag 1. mars inviterte vi saman med Sognefjord hotell til strikkepub. Det var godt oppmøte, og veldig god stemning. Dei fleste hadde med strikketøy, nokre sydde eller broderte, og andre tok seg berre eit glas og skravla. Akkurat slik vi ville det skulle vere.

Vi kjem til å forsøke å arrangere strikkepub fleire gonger i år, så følg med på Facebook og på heimesida vår for meir informasjon. Kom gjerne med tilbakemeldingar om de har tankar og innnspel til dette.

Surdeigskurs

Surdeigsbrød

Søndag 3. mars var det surdeigskurs med Ingvild Andersen og Mie Dahl Pind. Dei 18 kursdeltakarane fekk lære mykje om surdeigsbaking, både gjennom teori og praksis. Alle lagde ferdig ein brøddeig som dei fekk med heim for å steike dagen etter, alle fekk med litt surdeigsstarter og ikkje minst fekk alle smake på ulike typar surdeigsbrød. Det var stort engasjement og mykje entusiasme. Tusen takk til dei flinke og kjekke kurshaldarane! (Sjå fleire bilete under.)

Bli medlem

For å vere sikker på å ikkje gå glipp av informasjon om våre arrangement kan du også melde deg inn i Handarbeidslaget Sans og Samling. Det kostar 400 kr i året, og då vil du få informasjon direkte i innboksen din om kurs og arrangement. Du vil også få høve til å melde deg på før alle andre, og når det er kursavgifter vil du få avslag i pris. Ein får også ein liten rabatt på garn på Små livsgleder. Mange gode grunnar til å melde seg inn, og om du treng ein til: du er med å støtte opp om våre aktivitetar og om det lokale utsalet vårt av heimelaga varer som vi driv på frivillig basis.

På sida vår finn du innmeldingsskjema.
Mie og Ingvild skjærer opp surdeigsbrød
kurshaldar dreg i ein bit av deigen for å teste om den er klar til utbaking.
Kursdeltakarar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.