Menu Close

Framlegg til årsmelding for Handarbeidslaget Sans og Samling for 2022

Organisasjon  

I 2022 vart det halde årsmøte på Leikanger fjordhotell 9. mars. 

Styret såg slik ut etter årsmøtet: 

  • Sigrun Espe (leiar) – vald i 2022 for 1 år  
  • Liv Torill Espe – vald i 2020 for 2 år (forlenga eitt år grunna korona-pause) 
  • Marit Anita Skrede – vald i 2020 for 2 år (forlenga eitt år grunna korona-pause)
  • Anne Lise Breidvik – vald i 2022 for 2 år
  • Dorthea Rennestraum Alisøy – vald i 2022 for 2 år  
  • Grethe Buene – vald i 2022 for 2 år  
  • Ruthild Dale (vara) – vald i 2020 for 2 år (forlenga eitt år grunna korona-pause) 

Sigrid Svartefoss og Anne Margrethe Stenstadvold vart valde inn i valnemnda for to år i 2022. 

Butikken Sans og Samling  

Ein av hovudaktivitetane til handarbeidslaget er å drive heimeproduktbua Sans og Samling. Her kan både medlemmar og andre levere inn heimelaga produkt som dei ønskjer å selje. Handarbeidslaget tek 10% av salsprisen på produkt som medlemmane sel og 30% på produkt frå andre. Total omsetjing var i 2022 kr. 63.864.

I 2022 har butikken vore open laurdagar frå 11-14. 

I 2022 har det fungert veldig bra å vere to på butikken nokre laurdagar. Vi har mellom anna forsøkt å få til dette laurdagar i desember.Då kan vi trekke butikken ut på gata, yte litt ekstra service og nå ut til litt fleire. 

I 2022 var det berre 10 frivillige som tok vakter i butikken (alt frå ei til ti vakter). Til samanlikning var det 16 i 2021. I tillegg til dette var det fire andre frivillige som bidrog på andre arrangement, som til dømes kreative aktivitetar for ungar. 

Vi har ei lukka Facebookgruppe for alle frivillige som tek butikkvakter, og har 27 namn på lista. Det er stadig færre som tek på seg butikkvakter, og vi har ikkje lukkast med å få fleire frivillige til å stille opp. Vi må vurder korleis vi kan løyse dette, for ikkje å slite ut dei frivillige som stiller opp. 

Aktivitetar  

Sykveldar: Sykveldar er ein av våre faste aktivitetar som vi vanlegvis har både vår- og hausthalvåret. I 2022 hadde vi 7 sykveldar på vårhalvåret og 8 på hausten. Vi held på ein fast dag og ein fast tidspunkt: Tysdagar i partalsveker på barneskulen. Sykveldane er opne for alle, og dei siste åra har alle sjølve teke med kaffe og eventuelt kaffimat.  Liv Torill Espe har teke ansvar for sykveldane.  

Strikkekafé: Vi har samarbeida med Leikanger Frivilligsentral om å arrangere strikkekafé i lokala deira i Saften annakvar tysdag dei vekene vi ikkje har sykveld. 

I 2022 var det Sigrid Svartefoss og Grethe Buene som tok ansvar for strikkekafeane.

Leikanger SommarMoro: Vi fekk midlar frå kommunen til å arrangere aktivitetar for born og unge sommaren 2022. 25. juni og 6. august fekk ungar som hadde meldt seg på mellom anna lage hoppetau og måle på tøynett. Vi fekk dekka utgifter til 9 824 kr, mellom anna for bruk av frivillige. 

Sykurs: 24. og 25. september arrangerte vi sykurs på Leikanger. På kurset fekk deltakarane lære å ta kroppsmål, lage mønster, tilpasse mønster og sy skjørt med glidelås og linning. 

Kurshaldar var Malin Venås frå Dokka. Ho har sveinebrev i kjole- og draktsøm og er utdanna konfeksjonsteknikar. Ho har jobba i over 20 år med produktutvikling og  mønsterkonstruksjon, og har mellom anna vore med å utvikle både nye arbeidsantrekk til flyteknisk personell, og galla- og lakeiuniformar til serveringspersonell ved Det kongelige Norske Hoff. 

Seks personar meldte segpå, fem deltok på kurset, og fire av dei var medlemmar.  

Fruktbare dagar: 1. oktober vart det arrangert Fruktbare dagar. Vi hadde ikkje stand i på torget, men flytta butikken vår ut på gata. Salet denne dagen var om lag 9 500 kr. 

Førjulssøndag i Ungdomshuset med julemesse: Dette var planlagd gjennomført i 2021, men vart avlyst i siste liten grunna Covid-19. Det var difor lenge sidan sist. I 2022 vart arrangementet ein stor suksess, sjølv om vi berre var tre arrangørorganisasjonar, då Leikanger Musikklag trakk seg. 12 frivillige frå handarbeidslaget var involverte i planlegging og gjennomføring av arrangementet. Overskotet på litt over 34 000 kr vart delt på tre organisasjonar, så vi fekk eit solid overskot. 

Julemesse på Sognefjord hotell: Laurdag 10. desember flytta vi butikken vår bort på julemessa på Knausen. Dette var første gong det var arrangert julemesse på hotellet. Vi fekk to bord innandørs, og det kosta ikkje noko å delta. Det var bra med folk og vi hadde godt sal. 

Juleverkstad for born: I samarbeid med Leikanger frivilligsentral arrangerte vi juleverkstad for barn og unge torsdag 15. desember frå kl. 17.00 til 18.30. Me laga julestjerner og kremmarhus. Tre frivillige deltok frå Sans og Samling. 

Medlemsutvikling  

Handarbeidslaget hadde ved utgangen av 2022 36 medlemmar, noko som er ein nedgong frå 39 i 2021 og 44 i 2020. Vi håper å rekruttere inn nokre fleire medlemmar i 2023.  

Økonomi  

Handarbeidslaget har hatt inntekter frå kontingentar, sal i butikken, tilskot til SommarMoro frå kommunen og kulturmidlar frå kommunen. Våre utgifter er til husleige, straum, kurs og ulike nødvendige innkjøp til å drifte butikken og arrangere aktivitetar. 

Sjå rekneskapen for meir informasjon om handarbeidslaget sine inntekter og utgifter. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.