Menu Close

Årsmøte 2023

Vi vil med dette kalle inn alle våre medlemmar til årsmøte torsdag 2. mars kl. 19.30 i LF RiverDal i andre etsajse på Saften. Det vert servert kaffi, te og kaffimat.

Alle medlemmar kan delta på Årsmøtet. Alle som har betalt medlemskontingent når Årsmøtet startar har stemmerett og kan stille til val.

Medlemskontingenten er kr 400 per år. Du kan betale via bank eller Vipps. Hugs å skriv namn i meldingsfeltet.*:

  • Kontonummer: 3705.26.33762
  • Vipps: 94348

Om de har forslag til saker som skal handsamast på Årsmøtet må de sende desse til styret seinast to veker før møtet, altså innan 16. februar. Vi vil gjere sakslista tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før Årsmøtet. 

Saksliste

  1. Godkjenning av innkalling
    Innkalling vart sendt ut til alle registrerte medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling 01.02.2023. Informasjon vart også lagt ut på heimesida og på Facebook. Innkalling skal gå ut til medlemmane seinast ein månad innan møtet. 
  2. Val av møteleiar, referent og to personar til å signere protokollen
    Forslag til møteleiar: Sigrun Espe; Forslag til referent: Anne Lise Breidvik; Protokollunderskivarar: 
  3. Årsmelding 2022
    Styret presenterer årsmeldinga for 2022.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner årsmeldinga.
  4. Vedtekter
    Ingen forslag til endring. 
  5. Rekneskap 2022
    Styret presenterer rekneskapen for 2022.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner rekneskap for 2022.
  6. Fastsette kontingent for 2024
    Årsmøtet set kontingentsatsen for 2024.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet set kontingenten for 2024 til kr 400.
  7. Budsjett 2023
    Styret presenterer forslag til budsjett for 2023.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner budsjettet for 2023.
  8. Val av styre og valnemnd
    Dei to representantane i valnemnda vart vald for 2 år i 2022 og er ikkje på val. 

Valnemnda si innstilling: Styreleiar, Sigrun Espe, to styremedlemmer, Liv Torill Espe og Marit Anita Skrede, og vara, Ruthild Dale, er på val i 2023. Styreleiar og to styremedlemmer tek attval og valnemnda innstiller på desse. Som ny vara innstiller valnemnda på Susan Husabø. Styrleiar vert vald for eitt år, dei andre for to år. 

  1. Årsplan 2023
    Styret vil diskutere og få innspel til årsplan for 2022. Styret jobbar vidare med denne basert på innspel frå Årsmøtet.

Vedlegg:

  1. Årsmelding 2022
  2. Rekneskap 2022 og budsjett 2023
  3. Vedtekter


*) Betaling av medlemskontingent vert sett på som samtykke i at Handarbeidslaget Sans og Samling lagrar ditt namn og kontaktinformasjon i vår medlemsliste. Denne informasjonen gir vi ikkje til andre. Vi brukar e-post, eller eventuelt telefonnummer, for å kontakte medlemmar i samband med laget sine aktivitetar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.