Ymse

Hausten 2020

Det har vore lite normal aktivitet i laget i år, men no startar vi så smått opp igjen med våre faste arrangement: sykveldar og strikkekafé.

Strikkekafé

Handarbeidslaget Sans og Samling samarbeider med Leikanger Frivilligsentral om å arrangere strikkekafé annakvar veke. Vi satsar på å starte kl. 19.30 og halde på eit par timar. Det er gratis og ope for alle.

Stad: «Møteplassen», i andre etasje på Saften
Tid: tysdagar i oddetalsveker kl. 19.30 til kl. 21
.30, frå 8. september

Både handarbeidslaget og frivilligsentralen ønskjer å skape møteplassar i bygda, og håper mange vil ta turen for å strikke, ta ein kopp kaffi og slå av ein prat.

Sykveldar

Det vert sykveldar tysdagar dei vekene det ikkje er strikkekafé. Ta med dei prosjekta du ønskjer å jobbe med, og det utstyret du treng. Vi vil gjerne ha ein liten «kaffipause», men kvar enkelt tek med seg det dei ønskjer. Og ellers må vi ta dei smittevernhensyn som er påkrevd.

Vi held oss til annakvar tysdag i partalsveker, med oppstart 15. september. Vi held til i tekstilsalen på Leikanger barneskulen. Det er gratis å delta og ope for alle.

Stad: Leikanger barneskule, tekstilsalen
Tid: tysdagar i partalsveker kl. 19.00 til kl. 22.00, frå 15. september

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.