Menu Close

Dugnad for dagsturhytta

Vi har fått eit flott dagsturhytte i Leikanger. No er det på tide å gjere den litt heimekoselig! Dersom du er glad i å strikke kan du kanskje bidra med eit sitjeunderlag eller eit par tøflar?

Dagsturhytta ligg på Eggjahaugane over Kleppa, og har fått namnet Orrabu. Dette er ei enkel hytte der folk kan ete nista si, ta ein pause i ly for vær og vind, eller slappe av med ei bok og nyte utsikta over Sognefjorden. Det kjem etter kvart eit eige nynorsk turbibliotek på hytta.

Dei som brukar hytta må ta av skoa ute, og det er ikkje varme inne. Vi har difor lyst å få på plass sitjeunderlag til benkane og tøflar i ulike storleikar som besøkande kan ha på seg.

Handarbeidslaget Sans og Samling oppmodar alle strikkeglade medlemmar og ikkje-medlemmar til å leite fram litt restegarn og strikke til dagsturhytta. Det kjem til å bli satt stor pris på!

Om du vil ha hjelp eller inspirasjon kan du kome på strikkekafé og strikke i lag med andre. Dato for strikkekafear framover er: 12. og 26. mars, 9. og 23. april, 7. og 21 mai.

Vi vil forsøke å samle saman litt garn på butikken, så om du ikkje har garn sjølv kan du stikke innom Sans og Samling ein laurdag mellom 11 og 14 og sjå om du finn noko du likar. Du kan også levere inn ferdig strikka produkt på butikken i opningstida, eller gjer ein avtale på e-post: handarbeidslaget@sansogsamling.net.

Tova sitjeunderlag:

Det er mange måtar ein kan lage eit tova sitjeunderlag. Her er eit døme: Bruk eit tjukt garn (evt. dobbelt garn om det er tynt) som kan tovast. Døme på dette er Fritidsgarn frå Sandnes, Cortina (Spar Kjøp), Ren Ull fra Linde garn (Nille) eller liknande. Legg opp mellom 40 og 50 maskar på pinne 8 eller 9. Sitjeunderlaget kan vere eit rektangel eller kvadratisk. Vask på vanleg 40-program i vaskemaskin, gjerne saman med ein handduk. Vaskemiddel er ikkje nødvendig, men ein kan ha litt (1 ss) grønnsåpe eller ullvaskemiddel i lag med. Ein kan strekke og dra litt i det tova produktet medan det er fuktig for å få det mest mogeleg beint og fint.

VI har allereie fått inn to flott sitjeunderlag! Desse er om lag 33×38 cm.

Tøflar

Det er sjølvsagt mange måtar å lage tøflar på også – både vanleg strikka, tova eller kanskje sydd? Her er eit par lenker til inspirasjon:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.