Menu Close

Sakspapir til årsmøtet 26. februar 2019

No er det ei veke igjen til årsmøte i Handarbeidslaget Sans og Samling, og her er sakspapira. Vi håper mange har lyst å delta. Det er også lov å kome litt seint og vere med berre på strikkekafé.

Når: tysdag 26/2 – årsmøte frå kl 19, strikkekafé frå kl 20. 
Kvar: Cafe Herman

Det vert servering av mat og sal av drikke. 

Saksliste

  1. Godkjenning av innkalling
    Innkalling vart sendt ut til alle registrerte medlemmar i Handarbeidslaget Sans og Samling 28. januar. Informasjon vart også lagt ut på heimesida og på Facebook.
  2. Val av møteleiar, referent og to personar til å signere protokollen
    Forslag til møteleiar: Sigrun Espe
  3. Årsmelding 2018
    Styret presenterer årsmeldinga for 2087.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet tek årsmeldinga for 2018 til orientering.
  4. Vedtekter
    Det har ikkje kome inn forslag til vedtektsendringar.
  5. Rekneskap 2018
    Styret presenterer rekneskapen for 2018.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2018.
  6. Fastsette kontingent for 2020
    Årsmøtet set kontingentsatsen for 2020.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet set kontingenten for 2020 til kr 400.
  7. Budsjett 2019
    Styret presenterer forslag til budsjett for 2019.
    Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner budsjettet for 2019.
  8. Årsplan 2019
    Styret vil diskutere og få innspel til årsplan for 2019. Styret jobbar vidare med denne basert på innspel frå Årsmøtet.
  9. Val av styre og valnemnd
    Valnemnda presenterer si innstilling.

Vedlegg:

  1. Årsmelding 2018
  2. Rekneskap 2018
  3. Budsjett 2019
  4. Vedtekter for Handarbeidslaget
  5. Innstilling frå valnemnda (vert delt ut på årsmøtet)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.