kurs, sying

Sykurs

Bli venn med symaskina di. Meld deg på sykurs:

  • Måndag 16/10 kl. 19-22
  • Måndag 23/10 kl. 19-22
  • Måndag 30/10 kl. 19-22

Lær om saumar og teknikkar, ulike typar stoff, knapphull, skråband, glidelås m.m.

Påmelding innan onsdag 11/10.

Pris: kr. 300 for medlemmar (medlemskap kr 400 per år – meld deg inn i samband med sykurset og få kr 100 i rabatt) ) – kr. 500 for andre 

Kurset passar for nybyrjarar eller for dei som ønskjer ei oppfrisking av grunnleggande kunnskap. Alle må ha med eiga symaskin og utstyr som saks, tråd og kaffikopp 😉

Våre to eminente sydamer losar deltakarane gjennom tre kveldar der målet er å verte kjende med symaskina og grunnleggande syteknikkar. Alle får hjelp til å sy eit plagg, ei veske eller liknande.

Meld deg på her:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.