Menu Close

Strikkekafé hausten 2017

Handarbeidslaget vil i haust arrangere strikkekafé annankvar tysdag frå 19 til 21 utover hausten. Strikkekafeen er gratis og open for alle. Det er mogeleg å kjøpe seg ein kopp kaffi eller te.

Vi samlast i våre eigne lokale i kjellaren i Riverdalen 2. under Fjordklipp og Sogn Tavle og Data. Dette er datoane utover hausten:

  • 12/9
  • 26/9
  • 10/10
  • 24/10
  • 7/11
  • 21/11
  • 5/12

For å gjere det så enkelt som mogeleg, så vil vi gjerne sette opp ei vaktliste slik at det alltid er nokon som har ansvar for å kome nokre minutt før, låse opp, slå på lys, skru opp varmen, sette på kaffi/te og låse og slukke før ein går. Alle vil få opplæring/instruksar etter behov 🙂

Vi har laga ei vaktliste som ligg på medlemssida vår på Facebook. Om du kunne tenke deg å bidra kan du skrive deg på lista direkte på Facebook, eller ta kontakt på handarbeidslaget@sansogsamling.net eller 99044666.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.