Ymse

Utsett – Surdeigskveld med Sigrid Henjum

Vi må dessverre utsette dette arrangementet. Vi satsar på å finne ein ny dato seinare i år. Lær å lage gode, sunne bakevarer med surdeig, og et deg mett på surdeigsbrød og surdeigspizza. Du får også med deg ein surdeigssats heim. Passar både for røynde og ferske surdeigsbakarar.

Ymse

Strikkekafé hausten 2017

Handarbeidslaget vil i haust arrangere strikkekafé annankvar tysdag frå 19 til 21 utover hausten. Strikkekafeen er gratis og open for alle. Det er mogeleg å kjøpe seg ein kopp kaffi eller te. Vi samlast i våre eigne lokale i kjellaren i Riverdalen 2. under Fjordklipp og Sogn Tavle og Data. Dette er datoane utover hausten: 12/9… Read More Strikkekafé hausten 2017

organisasjon, Ymse

Kjeringi Open!

Vi ønskjer alle deltakarane lukke til på Kjeringi Open laurdag 26. april og håper alle får ein fin dag i løypa eller som tilskodarar på Hanahaug. Butikken Sans og Samling held stengt, men om det er nokon som skulle vore innom ein tur før neste laurdag er det berre å ta kontakt med butikkansvarleg Anne… Read More Kjeringi Open!

butikk, organisasjon, Ymse

Opningstider

Sans og Samling kjem til å vere open laurdagar frå 12 til 15 og torsdagar frå 17 til 19. Kom innom!  Ta kontakt med oss om du gjerne skulle ha vore innom butikken utanom den faste opningstida, så skal vi sjå om vi kan hjelpe deg: handarbeidslaget@sansogsamling.net / 99044666