Menu Close

Kurs i fermentering

Bilde av grønnsaker i korg.

Fermentering er eit breitt omgrep som er knytt til ulike måtar å konservere mat på. Prosessen kan sporast tilbake til bronsealderen. Handarbeidslaget Sans og Samling har invitert Mathilde frå Bøtun økologiske marknadshage for å halde kurs i fermentering.

Bilete av grønnsaker.
Foto: Alex Proimos, cc by-nc. Kjelde: Flickr

Kurset vil vare i 3 timar, og Mathilde stiller med råvarer til 2 ulike fermenterte produkt. Det er også mogeleg å ta med sjølvdyrka grønsaker. Mathilde vil også sei litt om surdeigsbrød og korleis denne fermenteringsprosessen fungerer.

Alle som deltek får med 2 ulike fermenterte variantar, ein surdeig og oppskrifter. Det er eit avgrensa tal deltakarar på dette kurset, og vi stenger påmeldinga når det er fullt. Viss du er interessert i å stå på venteliste kan du sende ein e-post til handarbeidslaget@sansogsamling.net.

Kurset har vanlegvis ein pris på kr. 900, men Handarbeidslaget Sans og Samling har fått støtte frå Sture Husabøs legat, og kan difor tilby rabatterte prisar: kr. 400 for medlemmar og kr. 700 for ikkje-medlemmar.

Det kostar kr. 400 i året å vere medlem i Handarbeidslaget Sans og Samling, og som medlem får du mellom anna. informasjon om og høve til å melde deg på våre kurs og aktivitetar før andre, rabattert pris på kurs og arrangement, og rabatt på garn på Små Livsgleder.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.