Menu Close

Årsmøte 2022

Vi vil med dette kalle inn alle våre medlemmar til årsmøte på Leikanger Fjordhotel onsdag 9. mars kl. 19.30. Det vert møte med matservering, og høve til å kjøpe seg noko å drikke til maten.

Vi håper mange av våre medlemmar har lyst å bli med på ein kjekk kveld på hotellet på Leikanger.For å kunne estimere kor mykje plass og kor mykje mat vi treng er det fint om dei som har høve til det melder frå på Facebook-arrangementet eller per mail/melding om de ønskjer å delta: handarbeidslaget@sansogsamling.net / 99 04 46 66

Alle medlemmar kan delta på Årsmøtet. Alle som har betalt medlemskontingent når Årsmøtet startar har stemmerett og kan stille til val.

Medlemskontingenten er kr 400 per år. Du kan betale via bank eller Vipps*. Hugs å skriv namn i meldingsfeltet:

  • Kontonummer: 3705.26.33762
  • Vipps: 94348

Om de har forslag til saker som skal handsamast på Årsmøtet må de sende desse til styret seinast to veker før møtet. Vi vil gjere sakslista tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før Årsmøtet. 
Årsmøtet skal eigentleg haldast innan utgongen av februar, så vi er dessverre litt forseinka. Innkalling skal gå ut til medlemmane seinast ein månad innan møtet. Årsmøtet i år vert litt spesielt sidan vi avlyste årsmøtet i 2021. Vi kjem til å presentere informasjon og rapportar også frå 2021. 

Årsmøtet skal:

  • Handsame årsmelding
  • Handsame regnskap
  • Handsame innkomne forslag
  • Fastsette kontingent
  • Vedta budsjett
  • Gjennomføre valav styre og valnemnd

Vedtektene finn de på heimesida vår.
*) Betaling av medlemskontingent vert sett på som samtykke i at Handarbeidslaget Sans og Samling lagrar ditt namn og kontaktinformasjon i vår medlemsliste. Denne informasjonen gir vi ikkje til andre. Vi brukar e-post, eller eventuelt telefonnummer, for å kontakte medlemmar i samband med laget sine aktivitetar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.