Menu Close

Hausten 2021

Også i haust satsar vi på faste sykveldar og strikkekafé annankvar tysdag.

Sykveldar

På sykveldane er det ein liten gjeng som samlast på tekstilrommet på Leikanger barneskule. Alle tek med eigne prosjekt og det dei treng – synål eller symaskin, stoff og anna utstyr. I rommet er det gode bord og vi kan låne strykejern. Oppstart kl 19.00. Følg gjerne med på Facebook-gruppa for oppdateringar: https://www.facebook.com/groups/1697848523819811

Sykveldar hausten 2021:

  • 21/9
  • 5/10
  • 19/10
  • 2/11
  • 16/11
  • 30/11
  • 14/12
Bilete av symaskin i formingsalen på Leikanger barneskule. Ein person sit og syr i bakgrunnen.

Strikkekafé

Strikkekafé arrangerer vi i samarbeid med Leikanger Frivilligsentral i lokalet LF RiverDal i andre etasje på Saften. Ta med strikketøy, så får du kaffi, te og noko lite å bite i.

Strikkekafé hausten 2021:

  • 28/9
  • 12/10
  • 26/10
  • 9/11
  • 23/11
  • 7/12

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.