Menu Close

Årsmøtet vert utsett

bilete av pc og notatbok

Grunna korona ønskjer Handarbeidslaget Sans og Samling å utsetje årsmøtet litt i år. Dette skal vanlegvis gjennomførast innan utgangen av februar. I år satsar vi på å gjennomføre årsmøtet ein gong ila våren. Dette har ingen praktiske konsekvensar for laget vårt eller drifta av butikken. De vil få meir informasjon og innkalling etter kvart. 

Vi håper alle dei kjekke medlemmane våre vil bli med oss vidare inn i 2021, og ber om at de betalar inn medlemskontingenten (informasjon under). Kanskje er det nokon som ønskjer å melde seg inn i handarbeidslaget vårt også? Det er berre å ta kontakt på handarbeidslaget@sansogsamling.net eller fyll ut innmeldingsskjema på sida her.  

SUM: Kr 400
Bankkonto: 3705.26.33762 
Vipps: 94348

(Hugs å skriv namn i meldingsfeltet.)

Betaling av medlemskontingent vert sett på som samtykke i at Handarbeidslaget Sans og Samling lagrar ditt namn og kontaktinformasjon i vår medlemsliste. Denne informasjonen gir vi ikkje til andre. Vi brukar e-post, eller eventuelt telefonnummer, for å kontakte medlemmar i samband med laget sine aktivitetar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.