Menu Close

Strikkekafé og sykveldar hausten 2018

I haust har handarbeidslaget faste sykveldar og strikkekveldar på tysdagane. 

Strikkekafé

Tysdagar i oddetalsveker, frå kl 19 til 21, vert det strikkekafé i butikklokala til Sans og Samling (Riverdalen 3, i kjellaren til Fjordklipp og Sogn Tavle og Data). Første gong vert tysdag 11/9. Det er gratis å delta, og ope for alle. Det vert enkel servering – kaffi, te og kanskje noko lite å bite i – til ein snill pris. Veke 41 er det haustferie, så då vert det ikkje strikkekafé. 

Datoar hausten 2018: 11/9, 25/9, 23/10, 6/11, 20/11, 4/12 og 18/12. 

Sykveldar

Tysdagar i partalsveker, frå kl 19 til 22, vert det sykveldar i tekstilrommet på Leikanger barneskule. Første gong vert tysdag 4/9. Dette er også gratis og ope for alle. Alle tek med dei sjølve treng av utstyr. Ta også med kopp, då vi vanlegvis vekslar på å ha med kaffi/te. VI har ei eiga gruppe på Facebook for sykveldane: facebook.com/groups/sykveldar/ 

Datoar hausten 2018: 4/9, 18/9, 2/10, 16/10, 30/10, 13/11, 27/11 og 11/12. 

 

Følg med på Sans og Samling på Facebook for oppdateringar. 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.