Menu Close

Aktivitetar startar opp igjen i januar

I haust har handarbeidslaget hatt faste sykveldar og strikkekveldar, og dette vil vi halde fram med i januar. 

Tysdagar i oddetalsveker, frå kl 19 til 21, vert det strikkekafé i butikklokala til Sans og Samling (Riverdalen 3, i kjellaren til Fjordklipp og Sogn Tavle og Data). Første gong vert tysdag 16/1. 


Tysdagar i partalsveker, frå kl 19 til 22, vert det sykveldar i tekstilrommet på Leikanger barneskule. Første gong vert tysdag 9/1. 

Begge arrangementa er gratis og opne for alle. Følg med på Sans og Samling på Facebook for oppdateringar. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.