Menu Close

Strikkekafé og speidardugnad 8. juni

8. juni er siste strikkekafé før sommaren. Vi inviterer samtidig speidarane til å kome innom og få hjelp med nål og tråd.

I sommar skal speidaren i Leikanger på landsleir i Bodø. Fleire av medlemmane har leirbålskapper der dei kan sy på merker dei har samla seg iløpet av året. Her er det best med handarbeid og nål og tråd, og det er fleire av desse unge som gjerne vil ha litt hjelp til dette. Vi inviterer til felles dugnad!

Speiderane i bygda er ein ressurs for lokalmiljøet og det er fint å kunne støtte dei. Håpar du har lyst til å vere med denne kvelden!

  • Kvar: Sans og Samling, kjellaren, Riverdalen 2
  • Når: torsdag 8/6 kl. 19-21.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.