Menu Close

Treårsjubileum vert feira med nyopning

Handarbeidslaget Sans og Samling har sidan påska 2014 drive ein butikk med utsal av heimelaga produkt. Butikken har treårsjubileum, og laurdag 1. april kl. 11 markerer vi dette med kaffi, kake og offisiell nyopning i kjellaren i Riverdalen 2.

Butikken Sans og Samling er meint som eit tilbod til dei som set pris på det heimelaga, og til dei som er på jakt etter ei gåve, noko til huset eller unike plagg til store og små. Alt som vert seld er produsert lokalt, og det aller meste er laga av handarbeidslaget sine medlemmar.

Det kjem heile tida inn nye varer, og vi har verkeleg noko for ein kvar smak. Butikken vert drive på frivillig basis, og meir enn 15 frivillige stiller opp og tek ei økt på butikken i ny og ne.

Vi har ope laurdagar og annakvar torsdag. Det vert ikkje så mange vakter på kvar, men vi vil alltid ha fleire frivillige butikkvakter.

Kvart år sidan oppstarten har butikken hatt ei omsetning på om lag 50 000 kroner. Ein liten prosent av salssummen går, saman med medlemskontingenten, til å dekke husleige og andre utgifter knytt til drifta.

Det er veldig kjekt at vi no kan opne dørene igjen. I desse nye lokala kan vi også ha ulike arrangement, som til dømes strikkekafé som vi satsar på å ha annankvar torsdag framover.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.