Menu Close

Medlemskontingent for 2017

Syns du det er fint at vi i Leikanger har ein butikk der ein kan kjøpe heimelaga produkt? Er du sjølv glad i å strikke eller å sy og har lyst å vere med på strikkekafe eller sykveld? Har du lyst å vere med på julemesse, bakstekurs, sykurs eller andre husflidsaktivitetar? 
 
Bli medlem i handarbeidslaget Sans og Samling! Støtt vårt arbeid gjennom medlemskontingenten og engasjer deg om du vil. 

Gå til innmeldingsskjema.

 
Medlemskontingent for 2017 er den same som før – kr 400. 
 
Medlemskontingenten er mellom anna med på å betale husleiga for butikken Sans og Samling – eit utsal av heimelaga produkt som vert drive på frivillig basis. 
 
Registrerte medlemmar får informasjon om arrangement og kurs før andre, og kan ofte delta på desse til spesielle medlemsprisar. I tillegg kan ein som medlem i handarbeidslaget få 10% rabatt på garn både på Små Livsgleder og på Putlestova. 
 
For deg som allereie er medlem:
Innbetaling til kontonummer: 3705.26.33762. Merk betalinga med ditt namn + kontingent 2017. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.