Menu Close

Ferie- og flyttestenging

Sans og Samling skal flytte ut av kjellaren i Lundevegen og inn i nye lokaler etter ferien. Vi stenger frå veke 28 og held stengt fram til nyopninga. Vi veit ikkje enno når det blir – følg med på heimesida vår og på Facebook for meir informasjon! Siste sjanse for å handle før ferien vert torsdag 7/7 mellom 17 og 19 og laurdag 9/7 mellom 12 og 15. Kom innom for ein god handel!

Det er framleis mogeleg å delta i strikkedugnaden vår – vi skal lage lappeteppe som basargevinst til arrangementet Førjulssøndag i ungdomshuset som vert arrangert 1. søndag i advent (27. november). Eit nøste kostar 20 kroner og gir tre lappar. Teppet skal bestå av ca 150 lappar – vi er godt på veg, men manglar framleis ein del.Du kan få kjøpt garn til lappeteppet på butikken denne veka. Les meir om dette på heimesida vår: http://www.sansogsamling.net/2016/04/bli-med-og-strikk-eit-lappeteppe.html

Vi er i gong med å planlegge hausten, og vi kan love både sykveldar, strikkekafé, sykurs for nybyrjarar med meir. Kom gjerne med innspel og ønskjer til andre aktivitetar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.