Menu Close

Meld deg på sykurs!

Bli venn med symaskina di. Bli med på sykurs over tre kveldar:

  • Torsdag 22/10 kl. 19-22
  • Torsdag 29/10 kl. 19-22
  • Tysdag 5/11 kl. 19-22

Lær om saumar og teknikkar, ulike typar stoff, knapphull, skråband, glidelås m.m.

Pris: kr. 300 for medlemmar (medlemskap kr 400 per år – meld deg gjerne inn 😉 ) – kr. 500 for andre


Første kvelden startar vi med å teste ut maskina og sy «prøvelappar» som vi kan setje saman til noko – ei veske kanskje? Andre kvelden lagar vi noko av alle lappane våre – og litt ekstra stoff. Tredje kvelden kan vi sy ein barnegenser, t-skjorte eller noko heilt anna. Eit skjørt kanskje? Vi bestemmer det undervegs i kurset. 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.