Menu Close

Hoppetau

Meir enn 20 born fekk lage sine eigne, unike hoppetau laga av oppklipte laken og dynetrekk på handarbeidslaget sin stand på gatefesten på Hermansverk. Dette vil vi gjerne gjere fleire gonger!

For å lage hoppetau trenger vi gamle laken og dynetrekk, så om du vil kvitte deg med gamalt sengetøy tek vi gjerne imot det. Det gjer ingenting om det er skader eller hol i stoffet.

De kan levere sengetøy i butikken i opningstida (torsdagar 17-19 og laurdagar 12-15) eller ta kontakt med oss. Dei som ønskjer å strimle opp stoffet sjølv kan rive eller klippe det i så lange remser som mogeleg med ca 5 cm bredde.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.