Menu Close

Strikkedugnad på Saften

Både i Noreg og rundt om i verda er det mange premature og nyfødde som treng hjelp til å regulere kroppstemperaturen. Luer, sokkar og pledd i babyull er dei beste hjelpemidla for å halde desse små kroppane friske og sterke.

Du kan vere med å bida! Bli med på strikkedugnad på Saften torsdag 11. juni kl 15.00-17.00. Ta med strikkepinnar og babyull – gjerne restegarn*. Vi stiller med oppskrifter og hjelper deg med å kome i gong.

OBS: Små Livsgleder i andre etasje på Saften stiller med eit supertilbod på babyull i høve strikkedugnaden.

Handarbeidslaget vil samle inn ullkeda og sende bidraga til utvalde prosjekt som til dømes «Strikk for livet» eller «Amandaprosjektet».

Litt praktisk informasjon
Garnet må vere mjukt, maskinvaskbart babygarn med minst 70% ull som ikkje loar.

Alle produkt må skyllast og leggast i plastposar før levering. Om plagga/ulla har vore utsatt for røyk må dei vaskast og luftast grundig i eit røykfritt miljø.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.