Menu Close

Sykveldar

Handarbeidslaget inviterer våre medlemmar til månadlege sykveldar – uformelle, sosiale hobbykveldar utan program eller kursing. Sykveldane vil passe både for erfarne og nye syarar, og det vil vere mogeleg å få hjelp og inspirasjon av dei andre deltakarane.

OBS – sykvelden måndag 9. mars vert flytta to veker til måndag 23. mars. 

Handarbeidslaget stiller med lokale (formingsrommet på Leikanger barneskule), så organiserer vi det slik at dei som deltek tek med kaffi og te på omgang. Ta med symaskina di og bli med! 

Dette er gratis for medlemmar av Handarbeidslaget Sans og Samling. Er du ikkje medlem? Det er enkelt å melde seg inn på heimesida vår og det kostar kr 400 per år: sansogsamling.net/innmelding 


Sykveldane vert frå kl 18.00 til kl. 21.00. Det vert seks samlingar fram til sommaren (det kan kome endringar): 
  • Måndag 19. januar
  • Måndag 9. februar
  • Måndag 9. mars – VERT FLYTTA – ny dato 23. mars
  • Måndag 13. april
  • Måndag 11. mai
  • Måndag 8. juni

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.