Menu Close

Sykurs: bli venn med symaskina di

OBS – nye datoar!

Vi i handarbeidslaget Sans og Samling vil gjerne hjelpe deg med å:

BLI VENN MED SYMASKINA DI

Vi vil arrangere eit lite sykurs – over tre kveldar – der vi ser på dei vanlegaste oppgåvene ein vil bruke symaskina til:

  • Saumane maskina har
  • Bruke ulike typar stoff
  • Sy knapphull – skråband – glidelås m.m.



Første kvelden startar vi med å teste ut maskina og sy «prøvelappar» som vi kan setje saman til noko – ei veske kanskje? Vi øvar på å sy på ulike stoff.

Andre kvelden lagar vi noko av alle lappane våre – og litt ekstra stoff.


Tredje kvelden kan vi sy ein barnegenser, t-skjorte eller noko heilt anna. Eit skjørt kanskje? Vi bestemmer det undervegs i kurset. 

Kurset vert måndagar kl. 19.00 – 22.00 på formingsrommet på barneskulen. 

Datoar:

  • 3. november
  • 17. november
  • 1. desember

Prisar :

  • Medlemmar i handarbeidslaget kr. 300,-
  • Ikkje-medlemmar kr. 500,-

Det skal løna seg å vere medlem, så meld deg inn!

Ta kontakt om det er noko du lurer på:

handarbeidslaget@sansogsamling.net / 99044666

Påmelding til sykurs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.