Menu Close

Sommarbutikk og hoppetau

Laurdag 17. juli satsar vi på fint sommarvêr og inviterer til sommarbutikk og hoppetau-verkstad.

Med sommarbutikk meiner vi eigentleg berre at vi vil vise fram alle dei fine varene våre og flytte ein del ut og opp på gateplan om mogeleg. Butikken er open frå 11 til 14 som vanleg.

Vi riggar også til utstyr som trengs til å lage hoppetau av gamle tekstilar. Frå kl 11.30 kan barn i alle aldrar få lage sitt eige hoppetau, heilt gratis. Det er ikkje nødvendig å melde seg på, men meld gjerne di interesse på Facebook-arrangementet om du veit du kjem innom og vil lage hoppetau.

Vi brukar ei lita maskin for å lage hoppetau. Denne vert kalla «reperbane».

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.