Menu Close

Strikkekafé våren 2020

Bli med på strikkekafé annakvar tysdag i vår. Det er gratis og ope for alle. Vi serverer kaffi, te og noko lite å bite i.  

Stad: «Møteplassen», i andre etasje på Saften
Tid: tysdagar i oddetalsveker kl. 19 til kl. 21

Handarbeidslaget Sans og Samling skal i vår samarbeide med Frivilligsentralen om å arrangere strikkekafé annakvar veke.

Både handarbeidslaget og frivilligsentralen ønskjer å skape møteplassar i bygda, og håper mange vil ta turen for å strikke, ta ein kopp kaffi og slå av ein prat. Dørene opnar kl 19, og vi satsar på å halde på i ca to timar kvar kveld. 

Det vert strikkekafé annakvar veke frå 10. mars fram til slutten av mai, med unntak av tysdagen i påskeveka.

  • Tysdag 10/3
  • Tysdag 24/3
  • Tysdag 21/4
  • Tysdag 5/5
  • Tysdag 19/5

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.