Menu Close

Strikkekafé på Herman

Handarbeidslaget Sans og Samling inviterer til strikkekafé på Cafe Herman fire tysdagar i vår. Her kan alle som vil kome, med eller utan handarbeid, og skravle og kose seg med ein kopp kaffi/te eller eit glas vin/øl.

Datoane for strikkekafe på Herman er:

  • tysdag 9. april
  • tysdag 23. april
  • tysdag 7. mai
  • tysdag 21. mai

Strikkekafeen vert med andre ord flytta frå våre eigne lokale i kjellaren i Riverdalen 2, til Cafe Herman. Det er dei same dagane som tidlegare annonsert. Vi tek sikte på å starte kl 19, og held ope eit par timar. Ein kan kome når det passar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.