Menu Close

Open butikk og strikkedugnad

Laurdag 13. mai vert det arrangert strikkedugnad i opningstida til butikken Sans og Samling. Bli med og strikk til prematurfødde born ved sjukehus i inn- og utland.

Butikken er open på laurdag 11 til 14. Denne laurdagen inviterer vi medlemmar og andre til å bli med og strikke til premature. Ta med garn og pinnar – vi stiller med oppskrifter. Les meir om prematurstrikk.

Det vert også sal av kaffi og kake i samband med strikkedugnaden. Kom innom – med eller utan strikketøy.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.