Menu Close

Redesign

I juni arrangerte handarbeidslaget eit lite kurs i redesign. Vi hadde to samlingar der Kristine  Rohde snakka litt om kva redesign går ut på, om ulike prosjekt med varierande vanskelegheitsgrad, og om ulike materiale ein kan bruke.

Dei 12 deltakarane kasta seg ut i kvar sine prosjekt, og fekk tips, råd, innspel og tilbakemeldingar undervegs –  både frå kursleiar og andre deltakarar.

Vi kjem til å halde fram med faste sykveldar til hausten, og vi håper mange vil ta med seg ny kunnskap og inspirasjon og bli med på desse. Følg med på heimesida vår (www.sansogsamling.net) og på Facebook for meir informasjon om dette.  

For dei som ikkje fekk vore med på kurs denne gongen: vi håper å kunne arrangere fleire liknande kurs i framtida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.