Menu Close

Sykveldar – ope for alle!

Har du ei symaskin? Bli med på sykveldar med Handarbeidslaget Sans og Samling. Det er ope for alle, gratis og sosialt 🙂 

Sykveldane passar for alle – både erfarne/godt trente og meir rustne eller ferske syarar. Her kan ein be om hjelp, få inspirasjon av andre og skravle litt innimellom syduren. 

Stad: Leikanger barneskule (formingssalen) 
Tid: Måndagar frå 19.00-22.00
Datoar: 25/1 – 8/2 – 22/2 – 7/3 – 11/4 – 25/4 – 9/5 -23/5

Ta med alt du trenger – symaskin, saks, sytråd, stoff o.l. – og ein kopp til kaffipausen. Ein av oss tek alltid med litt kaffi og te og kanskje noko lite å bite i 🙂 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.