Menu Close

Ekte norsk merinoull

Foredrag om norskprodusert merinoull

– tynn, fin, ubehandla ull som ikkje klør


Når:      Fredag 2. oktober kl. 19.00 
Kvar:   Herman, kjellaren på Gamlehotellet

Anders Fortun arva sine første merinosauar som 14-åring og har vidareført bestemora si satsing på norsk merinoull. Den første merinoværen kom til Gudbrandsdalen frå Portugal i 1947. I dag driv Fortun verksemda Leine Merino.
Det spesielle med merinoull er at ullfibra er svært fine. Produkt laga av merinoull er difor mjuke og klør ikkje. Leine Merino si ull er ubehandla og fri for kjemiske tilsetjingar, og held difor på si eiga naturlege impregnering – lanolin.
Vil du høyre Anders Fortun fortelje om den spesielle norskproduserte merinoulla og for å sjå dei ulike ullprodukta – ta turen innom Herman!

Inngangspengar kr 50.
Sal av kaffi/te + kaffimat


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.