Menu Close

Handarbeidslaget arrangerer bakstekurs

Laurdag 11. april frå 10 til 14 arrangerer Handarbeidslaget Sans og Samling bakstekurs med Ingeborg Ugulsvik. Vi skal lære å lage og steike potetkaker, hellekaker og kanskje noko meir. Meld deg på, ta med kjevle og forkle og bli med!

Det kan vere maks 16 deltakarar på kurset. Vi stenger påmeldinga når det er fullt. Prisen er kr 150 for medlemmar og kr 250 for dei som ikkje er medlemmar av handarbeidslaget. Om du melder deg inn samtidig får du så klart kurset til medlemspris.

Praktisk informasjon vert sendt ut til alle deltakarane på e-post før kurset. Meld frå til Sigrun på mob: 990 44 666 om du ikkje har e-postadresse.

Påmelding:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.