Menu Close

Strikkekafé på Sans og Samling

I haust har handarbeidslaget invitert til Strikk og Drikk på Herman annankvar måndag, men sidan Herman no er stengt vil vi gjerne prøve noko nytt.

Vi inviterer alle strikkeglade til å bli med på strikkekafé på Sans og Samling i Lundevegen 8 annankvar torsdag kl 19.00. Butikken er open frå 17 til 19, og når butikken stenger ryddar vi plass til strikking, drikking og prating.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Vi vil forsøke oss på enkel servering – kaffi, te og kanskje noko lite å bite i – som vi sel til ein snill pris.

Første strikkekafé på Sans og Samling vert torsdag 22. januar kl 19.00. 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.