Menu Close

Kurs og aktivitetar hausten 2014

Fleire av kursa i haust har dessverre vorte avlyst grunna for lite påmelding. Vi har satt ei grense på minst fem deltakarar for å arrangere kurskveldar. Vi veit at det er fleire som er interesserte i dei ulike kursa vi har hatt, men som har oppdaga det for seint eller som har vore opptekne med andre ting.

Handarbeidslaget satsar på å forsøke å sette opp fleire av Krativt Kaos-kursa igjen i 2015. Send oss gjerne ein e-post eller ei melding om det er noko spesielt du har lyst å delta på.

Er du interessert i å vere med på sykurs eller sykveldar er det også fint om du tek kontakt då vi vurderer å halde fram med symaskinaktivitet i ei eller anna form i 2015.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.