Menu Close

Kurs: Sy små plagg av saueskinn

Har du lyst til å lære å sy mindre plagg av saueskinn? Bli med på kurs med skinnfellmaker Beate Solvik fredag 23. til søndag 25. oktober 2026.

På kurset kan du sy lue, vottar eller tøflar til barn eller voksne, kanskje ørevarmar, krage, pulsvarmarar eller sitjeunderlag.

Kurset varer i 20 timar og går frå fredag ettermiddag til søndag ettermiddag. Det er eit avgrensa tal deltakarar på kurset – førstemann til mølla! Påmeldingsfristen er 20. september.

Pris for medlemmer i Handarbeidslaget Sans og Samling er kr. 1 500. Dei som ikkje er medlemmer betalar kr. 2 000. Materiale kjem i tillegg til dette.

Klokkeslett og stad vert annonsert når det nærmar seg, men kurset vert på Leikanger.

Les meir om kurset på Beate Solvik si eiga heimeside: https://www.beatesol.no/kurs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.