Handarbeidslaget inviterer til ein utandørs teikneverkstad for barn mellom 6 og 12 år. Ungane får utdelt lerret og måle- eller teiknesaker i friske fargar, og vert utfordra til å observere og tolke kreativt gjennom teikning eller måling.
Vi legg opp til ei økt på om lag tre timar. Det er heilt gratis å delta, men vi har plass til maks 12 deltakarar.
I tillegg til det kreative vert det ei samling med ein liten samtale og enkel matservering. Dei yngste ungane (og dei som treng det) må ha med seg ein vaksen.
Når: 2. juli frå kl. 10 til ca kl. 13
Målgruppe: Barn frå 6 til 12 år
Stad: Barneskulen
Påmeldingsfrist måndag 30. juni. Påmeldingsskjema.