Har du eit barn eller ein ungdom som likar å teikne, skape og vere kreativ? Vi inviterer til gratis teiknekurs med kunstnaren Solveig Rohde Hestholm i byrjinga av sommarferien.
Kurset er eit lågterskeltilbod der deltakarane får utfalde seg kreativt, lære nye teknikkar og ha det kjekt saman med andre som likar å teikne. Instruktøren er sjølv frå Leikanger, og har vunne fleire prisar for kunsten sin. No bur ho i Italia, og gler seg veldig til å kome heim og halde kurs for born og unge frå heimbygda.
Praktisk informasjon
Det vert eitt kurs for barn som er ferdige med 1. til 4. klasse, og eitt for dei som er ferdige med 5. klasse eller eldre. Det er maks 10 deltakarar på kurset for dei yngste og 15 plassar for kurset for dei litt eldre.
Kurset varer i om lag tre timar, og går føre seg i festsalen på Leikanger ungdomshus. Der er det godt lys og langbord. Arrangør stiller med teikneutstyr, så deltakarane treng ikkje ta med noko. Det blir servert drikke og snacks.
- Stad: Leikanger ungdomshus
- Arrangør: Handarbeidslaget Sans og Samling, i samarbeid med Leikanger ungdomslag
Påmelding
Kurs 1: Måndag 29. juni kl. 12.00–15.00
Teiknekurs for barn som har fullført 1.–4. klasse våren 2026.
Dei som treng det, må ha med seg ein vaksen.
Maks 10 deltakarar.
Påmeldingsskjema: https://forms.gle/RpkWg5xHiy6ko9ND8
Kurs 2: Onsdag 1. juli kl. 17.00–20.00
Teiknekurs for barn og ungdom som har fullført 5.–10. klasse våren 2026.
Maks 15 deltakarar.
Påmeldingsskjema: https://forms.gle/NnYCmRCRN44inBMw6
Kursa er gratis og ope for alle interesserte. Vi gler oss til å fylle ungdomshuset med teikneglede og skaparlyst!
De kan sjå kunsten til Solveig på Instagram: https://www.instagram.com/rohdart/