Har du lyst til å lære meir om snekring og trearbeid? I pinsehelga inviterer Handarbeidslaget Sans og Samling til snekkarkurs for nybyrjarar, med fokus på meistring og praktisk læring i sosialt lag.
Stad: Leikanger barneskule
Dato: fredag 22. mai og laurdag 23. mai
Tid: Fredag kl. 17.00–20.00 og Laurdag kl. 10.00–14.00
Dersom du er interessert kan du klikke på denne lenka for å lese meir eller melde deg på:
OBS: Maks 8 deltakarar. Påmeldingsfristen er fredag 15. mai, og påmelding er bindande. Dersom kurset vert fullteikna, lagar vi venteliste. Pris: Medlem: kr. 1500 Ikkje-medlem: kr. 1800.
