Menu Close

Strikkekafé og sykveldar våren 2026

Sykveldar

Vi er ein liten gjeng som er glade i å sy, og som samlast på tekstilrommet på Leikanger barneskule annakvar tysdag for å sy i lag, diskutere, spørje om råd, inspirere kvarande og skravle. Rommet er stort og lyst, og godt eigna til syprosjekt. Alle er velkomne til å delta!

I vår er sykveldane tysdagar i partalsveker frå kl. 18.00 til kl. 21.00.

Bli gjerne med i Facebook-gruppa Sykveldar med handarbeidslaget Sans og Samling for oppdateringar.

Strikkekafé

Det er strikkekafé i lokala til Leikanger frivilligsentral annakvar tysdag (i oddetalsveker) kl. 19. Finn fram garn, strikkepinnar eller heklenål og godt humør. Strikkekveldane er ein uformell sosial møteplass over spøtet. Ein kan kjøpe seg kaffi, te og noko lite å bita i.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.