Menu Close

Patriotisk Leikanger-nett på julemesse

Denne laurdagen kan du få deg eit patriotisk Leikanger-nett, heilt gratis. Kom innom Handarbeidslaget Sans og Samling sin mini-verkstad på julemessa i Saften, og vel design og farge på handlenettet. Vi trykker nett med det vakre kommunevåpenet til Leikanger kommune, eller med tekst. Ein kan velje mellom ulike korte frasar eller slagord. 

Har du innspel til eit bra slagord kan du tipse oss om det på Facebook eller på handarbeidslaget@sansogsamling.net før fredag, så kanskje det vert plukka ut.  

Handarbeidslaget har fått støtte frå Leikanger kommune til å kunne arrangere denne mini-verkstaden og tilby Leikanger-nett heilt gratis. 

Butikken vår held ope som vanleg laurdag frå 11 til 14. Handarbeidslaget sel også heimelaga produkt både på julemessa i Saften laurdag mellom 10 og 13.30, samt søndag 1. desember på arrangementet Førjulssøndag i Ungdomshuset mellom 14 og 18.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.